Vavollstova under restaurering

Sett at det er arbeid på gang på tunet? For tida er delar av taket på Vavollstova under restaurering.
Vavollstova vart bygd i 1685 av Lars Hogneson Vik (1634-1697). Her er i tillegg til sjølve stova eit lite kammers og ein eldhusdel med stor gruve og steinomn. Denne delen har gjennom tidene vore nytta til både bakst og matlaging, men òg til slakting og klesvask.
Veggane i stova er dekorerte med originalt krot frå 1700-talet, som sidan har vorte oppattkrota.
 
Restaureringsarbeidet vert utført av Hardanger fartøyvernsenter si bygningsvernavdeling