Tradisjonell båt med utradisjonelle midlar

Det kraftige snøvêret i januar fekk ein rubbhall ved Hardanger fartøyvernsenter til å kollapse, det resulterte i at den einaste åttæringen til fartøyvernsenteret vart knust. No, for første gong, har museet skipa til folkeinnsamling for å finansiere bygging av ny båt.

Ein kollapset rubbhall med en tilhenger foran

Ein rubbhall kollapsa etter det uvanleg kraftige snøvêret i januar.

Båten som vart øydelagt, ein Hardangeråttæring, har vore nytta ved museumsavdelinga til Hardanger fartøyvernsenter i nær 25 år og er bygd av båtbyggar og leiar ved småbåtverkstaden Peter Helland-Hansen. I sesong har båten med fire åre-par vore ein del av det daglege undervisning- og publikumstilbodet fartøyvernsenteret har. Fram til den nye båten står ferdig må museet låne båtar for å oppretthalde tilbodet.

Frir til følgarane

Det var det låge forsikringsoppgjeret etter hendinga, som berre dekker ein brøkdel av verdien til ein ny båt, som satt i gang idéen med folkefinansiering. Med sine over 500.000 følgarar i sosiale medium håpar museet at følgarane vil hjelpe dei å nå beløpet på 290.000 kroner som ein nybygd båt kostar.

Me er veldig spente på om folk ute i verden vil støtte oss med meir enn ein tommel opp. Med den store følgarskaren me har i sosiale medium har me eit potensial til å nå målbeløpet.

Det seier formidlingsrådgjevar Silje Ensby, som står bak Hardanganger fartøyvernsenter si SoMe-suksess og tok initiativ til innsamlinga. Ensby har sidan 2016 dokumentert arbeidet ved fartøyvernsenteret og laga innhald i sosiale medium som har hatt fleire millionar visningar.

Sjølve innsamlinga blir gjort gjennom GoFundMe og vil gå parallelt med bygginga. Alle støttespelarane vil bli inviterte til sjøsettinga, som mest sannsynleg vil skje i juli. Båten vil òg vere tilgjengeleg for museets gjestar i tiåra som kjem – ein rotur er inkludert i museumsbilletten.

Skjermdump av innsamlingsside for ny åttæring til Hardanger fartøyvernsenter

Fartøyvernsenteret frir til følgarane for å få finansiert åttæringen. Skjermdump, Gofundme.org.

Viktig tradisjonshandverk

Nok ein gong er det Helland-Hansen som skal stå for bygginga. Helland-Hansen markerer i år 30 år som leiar ved småtbåtverkstaden hos museet og saman med båtbyggarlærlingen, Jonathan Høj, skal han dei neste månadene arbeide med båten.

Smilende mann står foran fire oppstilte Hardanger-robåter i tre

Peter Helland-Hansen har i år vore leiar for Småbåtverkstaden i 30 år. Her er han avbilda foran 4 av dei over 100 båtane han har bygd Foto: Silje Ensby.

Den nye åttæringen vert bygd som ein kopi av ein 1800-tals kyrkjebåt frå Sørfjorden. Like eins som på 1800-talet får nybygget tradisjonelle handverksdetaljar, som hogde halsar og handsmidd saum. Tømmeret til halsane, dei nedste borda i båten, vert henta lokalt frå skogen til Brynhild Kvamsøy ved Tolomarka i Norheimsund.

Det er veldig stas å få bygga ein Hardangeråttæring, som truleg var den mest typiske kyrkjebåten å sjå i indre Hardanger for hundre år sida, seier Peter Helland-Hansen.

Han har nettopp gjennomført eit omfattande dokumentasjonsprosjekt, kor han har fått oversikt over alle 1800-talsbåtar som framleis ligg i gamle naust i indre Hardanger. Der har han sett mange åttæringar, men det er ikkje ofte han får sjansen til å bygge ein sjølv.

Synfaring av Furutrær på vinteren, to menn står ved et furutre og tar mål.

Peter og Jonathan var denne veka i Tolomarka og blinka ut fleire furutrær som skal nyttast som “halsastokkar” i den nye åttæringen. Foto: Silje Ensby

Del av undervisningsopplegget

Aktivitetar med robåtar er ein viktig del av tilbodet ved fartøyvernsenteret og i byrjinga av april kjem alle 4.-klassingane i Kvam herad til fartøyvernsenteret gjennom den kulturelle skulesekken (DKS) for å lære om plankton og livet i fjorden. Same månad skal alle 6.-klassingane komme for å lære å ro, og å lære om rolla desse båtane har spelt historisk i fjorden vår. Frå mai er båtane i dagleg bruk av turistar, barnehagar, fiskegrupper og meir.

Hos oss er det er mange undervisningsopplegg knytt til det å bruke robåtane. Me samarbeida både med barnehagane, skulane, kulturskulen, grannehjelpa og fritidsordninga for å nemne nokon. Så verdien av å ha nok båtar me kan bruke for å dekkje behovet, er stor.

Det seier formidlingspedagog Svanhild Nesbø, som har jobba fram nytt pedagogisk undervisningsopplegg knytt til båtane og samarbeid mellom skulene og andre lokale aktørar.

Tre robåtar med folk ute på fjorden i overskya vær.

Dei tradisjonelle robåtane til museet vert nytta av eit stort spenn av grupper og aktørar, både lokalt, og tilreisande.

I 2021 blei den nordiske tradisjonen med klinkbygde båtar ein del av UNESCO si liste over immateriell kulturarv. Museet sitt arbeid med å få folk i alle aldrar til å ta desse båtane i bruk, vert difor berre viktigare framover.

Fakta:

  • Åttæring: Ein robåt med fire åre-par
  • Klinkbygg: Ein byggeteknikk for trebåtar kor bordgangane i båten overlappar kvarandre (snl.no)
  • Søm: Jernspiker og metallplate (roe) som festar trebord saman i klinkbygde båtar
  • Hals: Nedste bordet i båten

Vil du gi eit bidrag til ein ny åttæring kan du gå inn på GoFundMe sida her.