Utgreiing for aktsemdvurdering HVM 2023

Føremål

Stiftinga Hardanger og Voss museum skal ivareta museumsfunksjonar for dei institusjonane som har særskilde avtaler med stiftinga. Museet skal driva innsamling, bevaring, forsking og formidling tufta på kulturuttrykk frå fortid og samtid. Gjennom dokumentasjon av variasjon og fellestrekk skal museet vera med å synleggjera Hardanger og Voss lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Med utgangspunkt i rolla som samfunnsminne skal museet vera ein open møtestad der publikum kan studera, oppleva og finna utfordringar. Hardanger og Voss museum skal arbeida for ei samordning av arkiv, bibliotek- og museumstenestene i regionen. Hardanger og Voss museum skal driva eit nasjonalt senter for fartøyvern. Hardanger og Voss museum har ansvar for drifta av kunsthuset Kabuso, som skal formidla musikk, kunst og kulturimpulsar på høgt kvalitativt nivå, der kunsten mellom anna kan fungera som ein dialog mellom Noreg og verda. Kabuso skal arbeida i spenningsfeltet mellom tradisjon og samtid, og arbeida i nært samarbeid med kunstmuseum, festivalar og andre kulturinstitusjonar regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Museet skal vera medlem i Norges Museumsforbund og fylgja ICOM sitt museumsetiske regelverk og ta del i regionalt, nasjonalt og internasjonalt museumsnettverk. Museet skal yta fagleg hjelp i museums- og kulturminnevern-spørsmål til kommunane Eidfjord, Kvam, Ullensvang, Ulvik og Voss.

Organisering

Hardanger og Voss museum er eit konsolidert museum som har ansvar for drift av Agatunet, Hardanger Folkemuseum, Ingebrigt Vik Museum, Kvam Bygdemuseum, Granvin Bygdemuseum, Kunsthuset Kabuso, Voss folkemuseum og Hardanger fartøyvernsenter.

Implementering av openheitslova

Styret i Hardanger og Voss museum hadde sak om openheitslova opp i styremøte sak 20/22 og vedtok då at Hardanger og Voss museum skal tilpassa seg openheitslova i den vidare drifta.

Kartlegging

Interne tilhøve

Hardanger og Voss museum har stort fokus på å vere ein trygg arbeidsplass, der det vert lagt ned mykje ressursar i arbeid med HMT og arbeidsmiljø.

Hardanger og Voss museum legg vekt å open og tillitsbasert dialog mellom tilsette og leiing, slik at ev. arbeidsrettslege brot vert avdekka, og tiltak satt i verk. Hardanger og Voss museum har verneombod, arbeidsmiljøutval, tillitsvalde og bedriftshelseteneste. Det er implementert digitale løysingar for HMT-handbok og ein har gode rutiner for registrering og handtering av avvik.

Det vert gjennomført medarbeiderundersøkingar kvart 3. år for å kunne kartleggje ev. utfordringar i arbeidsmiljøet. I samband med undersøkinga vert det utarbeida handlingsplanar avdelingsvis, som eit verktøy i vidare arbeid med å fremje arbeidsmiljøet.

Hardanger og Voss museum, og alle tilsette i organisasjonen, pliktar å følgje ICOM sitt museumsetiske regelverk.

Eksterne tilhøve

Hardanger og Voss museum kjøper hovudsakleg varer og tenester frå norske leverandørar, frå bransjer med antatt låg risiko og med enkel og oversiktleg leverandørkjede. Ein stor andel av leverandørane til Hardanger og Voss museum er enkeltmannsføretak og små bedrifter, og ein vurderer desse som lågrisiko. Hardanger og Voss museum gjer innkjøp fortrinnsvis lokalt og kortreist.

Hardanger og Voss museum hadde i 2022 kjøp frå 573 leverandørar. Av desse var det kjøp over kr 100.000,- frå 23 leverandørar. Fem av leverandørane i 2022 hadde innkjøpsvolum over 1 mill. Dette gjaldt innkjøp knytt til vedlikehaldsprosjekt, straum, pensjon, kjøp av tenester frå Ole Bull akademiet til Hardingfela.no og innkjøp av råvarer. Av desse er det ein leverandør ein vurderer som ein mogleg risiko knytt til menneskerettar og sømelege arbeidstilhøve. Det vart i 2022 kjøpt inn hamp til ein verdi av 1 mill. kroner frå ei bedrift i Kina. Leverandør Qingdao Fab Mill Co Ltd. er kvalitetsrevidert av SGS Audited Suppliers. Denne revisjonen skal sikre at leverandøren oppfyller kvalitetsstandarder innan helse- og sikringstiltak og korrekte produksjonsprosessar. På bakgrunn av dette vert det vurdert at risikoen for at denne leverandøren har negative konsekvensar på menneskerettar og sømelege arbeidstilhøve er låg.

Hardanger og Voss museum vurderer risiko knytt til leverandørar og underleverandørar som låg.

Arbeid vidare

Hardanger og Voss museum vil fortsetje å arbeide vidare med openheitslova for å kunne avdekke eventuelle risikoar i leverandørkjeda knytt til menneskerettar og sømelege arbeidstilhøve.