Statleg støtte til Tett på
Hardanger fartøyvernsenter fÃ¥r 38 millionar kroner til formidlingsbygg gjennom prosjektet Tett pÃ¥. StatsrÃ¥d Sveinung Rotevatn (V) kom 5. september med lekkasje frÃ¥ statsbudsjettet som vil gje kystkultur og fartøyvern eit stort løft. Midlane kjem frÃ¥ Kulturdepartementet sitt budsjett, og Rotevatn hadde med helsing frÃ¥ kulturminister Abid Raja som roste prosjektet. Dette vil gje eit betre tilbod til dei som kjem til fartøyvernsenteret for Ã¥ sjÃ¥ korleis handverkarane arbeider med ulike prosjekt.Â
Rotevatn seier at restaureringsarbeidet som skjer ved fartøyvernsenteret er viktig, men at det òg er viktig at arbeidet vert formidla slik at interesse og engasjement blir skapt og halde oppe. Det frivillige arbeidet som skjer innan kulturminnevernet er heilt avgjerande, men profesjonelt engasjement er òg viktig, seier Rotevatn.
Framleis står det att litt før formidlingsbygget er fullfinansiert, men den statlege støtta er heilt avgjerande for å kome vidare med finansieringa.
Foto øverst, av Tiril Eid Barland: Ein glad gjeng møtte statsråd Rotevatn på kaien på fartøyvernsenteret