Støtte til basisutstilling
Voss folkemuseum hadde fint besøk fredag 5. oktober 2018. Terje Breivik, stortingsrepresentant frå Ulvik, kom innom med ei gladmelding:
Hardanger og Voss museum får 2 millionar i 2019, og 2 millionar eit seinare budsjettår, for å byggja ny basisutstilling ved Voss folkemuseum.
Både styreleiar, direktør og styrar ved Voss folkemuseum takka varmt for dette, og gav Breivik ros for arbeidet han har gjort.