mars 2020

fre20mar(mar 20)18:45sun22(mar 22)07:00Avlyst: Vokalkonsertar i Hardanger SkyspaceJamdøgerfest

Om arrangementet

Unike opplevingar i lysverket Hardanger Skyspace under Jamdøgerfest!
Gå ikkje glipp av framføringa av spesialskrivne komposisjonar i lysverket av James Turrell – framførte ved solnedgang (fredag og laurdag) og soloppgang (laurdag og sundag) under Jamdøgerfest.

Vokal: Kristin Bolstad, Eira Huse og Linnéa Sundfær Casserley
Komponist: Kristin Bolstad

>>> Fredag 20. mars kl 18.45: Verket KVELD
>>> Laurdag 21 mars kl 05.30: Verket MORGON
>>> Laurdag 21. mars kl 18.45: Verket KVELD
>>> Sundag 22. mars kl 05.30: Verket MORGON

Kristin Bolstad i Hardanger SKyspace

MORGON og KVELD er komponert spesielt for James Turrell sitt lysverk Hardanger Skyspace. Verka er del av serien med spesialskrivne komposisjonar for James Turrell sine lysverk. Utøvarane har tidlegare framført Sound/In Light for Ganzfeld: Double Vision i Ekebergparken gjennom dei siste tre åra, og no er turen komen til Hardanger Skyspace.

Verka tek utgangspunkt i stilla og det meditative ved Skyspace, og det å sitja under den innramma himmelen gjennom skumring og demring medan ein er omslutta av ulikt farga lys som langsamt endrar persepsjonen av himmelen. MORGON og KVELD søkjer ei liknande form for gradvis og umerkeleg endring, gjennom nesten uhøyrlege klangar og bølger av lyd som freistar viska ut skilja mellom sansane. MORGON og KVELD reflekterer over dagen som kjem og dagen som har vore, som eit punkt av stillstand i spennet mellom det evige og det som skal forgå, og med ein tilstand av fokusert ro og kvile.

Varigheit: Ca 60 min

NB! Avgrensa antal plassar – kun 18 billettar i sal pr konsert

Jamdøgerfest 20.-22. mars:
Ein minifestival med utgangspunkt i kunst og musikk i Kunsthuset Kabuso, Øystese .
Denne helga vert vårjamdøger markert med framføring av to ulike spesialskrivne vokalkonsertar i lysverket Hardanger Skyspace av James Turrell.
I tillegg konsertar, utstillingar, omvisingar og kaféliv i Kabuso.

>>> Sjå program for Jamdøgerfest

__________________________________________________________

  • Overnatting
    Nyrenoverte Hardangerfjord hotell ligg rett over vegen for Kabuso og Hardanger Skyspace.
    Som festivaldeltakar får du rabatt på overnatting her denne helga:

Overnatting m/frukost, pr natt i enkeltrom 995,-
Overnatting m/frukost, pr natt i dobbeltrom 1295,-

*Prisen gjeld overnattingar mellom fredag 20. mars og måndag 23. mars og inkluderar inngang i nye Hardangerbadet
>>> Bestill overnatting her
Bruk rabattkode: KABUSO

Tid

20 (Fredag) 18:45 - 22 (Sundag) 07:00

Stad

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Billettar

>>> Kjøp billett her

Sjå hending på Facebook

>>> Meld di interesse her

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opningstider

Sjå dei einskilde besøksstadane for opningstider

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

X