april 2020

tors30apr19:00tors20:00På eitt pust - alt du kan gjera på 44,5 sekund

Om arrangementet

Aleksander Nordahl har i mange år vore ein av dei fremste reportasjefotografane i Noreg. Han har jobba i NTB, Dagbladet og i Dagens Næringsliv – der han jobbar i dag. Han har vunne mange prisar for sine fantastiske bilete, dei har også vore utstilt forskjellige stadar, mellom anna under «Passion for Ocean» festivalen i Oslo tidlegare i år, og på fotogalleriet Ellingsen & Worsøe i Stavanger. Han har og halde føredrag på «Camp Villmark», «Båtmessen» og ei rekkje havfestivalar som «Havet i Operaen» og «Sea Skrova», og i prosjektet «På eitt pust» fangar han augneblink frå ei verd me sjeldan får oppleva.

Torsdag 30. april kl. 19.00 kjem han til Hardanger fartøyvernsenter for å fortjelja om sin enorme lidenskap for fridykking og undervassfotografering.

I ein artikkel til Harvest Magazine tidlegare i år uttaler han:

«Jeg svømmer med kameraet mitt. Jeg fanger øyeblikkene. Jeg er avhengig av å være like god som de fridykkerne jeg følger, for jeg tror bildene får en helt annen kvalitet når jeg gjør det samme som dem. Det handler om å mestre omgivelsene. Når du som fotograf er på Stortinget eller i Aleppo handler det om å mestre forholdene, og det er det samme i havet»

Gå ikkje glipp av ein særs fascinerande føredragskveld som utan tvil vil få deg til å halde pusten.

Om du ikkje kan venta så lenge kan du sjekke ut heimesidene:  https://ettpust.com/ eller https://www.instagram.com/freedivingnorway/

Inngang kr 100,- (i døra)
Open kafé og museumsbutikk

Velkomen alle!

Tid

(Torsdag) 19:00 - 20:00

Stad

Hardanger fartøyvernsenter

Sandvenvegen 50, 5600 Norheimsund

Sjå hending på Facebook

>>> MELD DI INTERESSE

Hardanger og Voss museum

Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opningstider

Sjå dei einskilde besøksstadane for opningstider

Hardanger and Voss museum

Administration:
Museumsvegen 36, Utne
Tel: +47 404 34 100 / post@hvm.museum.no

Opening hours

Visit each museum's website for opening hours

X