Med Restauration gjennom Hell Gate til Det Lova Landet

tors11nov19:00tors20:00Med Restauration gjennom Hell Gate til Det Lova Landet19:00 - 20:00(GMT+00:00)

Om arr.

«Med Restauration gjennom Hell Gate til Det Lova Landet»
– Ei forteljarførestilling om det første norske emigrantfølgje som forlét Noreg 4. Juli 1825.

Denne torsdag tar forteljar Anne Elisebeth Skogen tilhøyrarane tilbake til sommaren 1825.

Ved Bispebrygga i Stavanger låg seglskuta Restauration fortøyd. Om bord på dekk sto eit fylgje på over femti menneske, barn, ungdomar og vaksne. Dei var reiseklare, klare til å forlata landet sitt og vinka eit siste farvel til slekt og vener. Og dei skulle langt, over sjølve Atlanterhavet til Amerika.

Kven var desse menneska, kvifor reiste dei, korleis blei overfarten og kva skjedde vidare då dei nådde New York? Svara får du på forteljarførestillinga på Hardanger fartøyvernsenter den 11. november kl. 19.00!

Anne Elisebeth Skogen jobbar som frilans forteljar gjennom einmannsføretaket www.forteljarkokeriet.no. Ho har hatt fleire turnear for Den Kulturelle Skulesekken i Rogaland, og Hordaland, delteke på festivalar og turnert i sju statar i USA.

Arrangementet vert gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer for smittevern.

Inngang kr 100,- (i døra)

Open kafé og museumsbutikk

Velkomen!

Sjå hending på Facebook

>>> Meld di interesse