Folgefonn og andre ferjer

tys04nov18:0020:00Folgefonn og andre ferjer– ferjekultur og ferjehistorie

Om arr.

Ferjekultur og ferjehistorie

Velkomen til ferjekveld med film og føredrag på Hardanger fartøyvernsenter

Me vil fyrst visa filmen «Då sjøen var vegen» som gjev eit godt innblikk i livet langs fjorden frå ro og seglbåtar, til dampskip og seinare ferjer, til vår tids vegnett, der fjorden er gått frå å vera vegen til å vera ei hindring som må kryssast. Ferjene har for mange som bur langs kysten vore ein sjølvsagd del av kvardagen. Ferja set rammer, og korleis ein oppfører seg på ferja er verken tilfeldig eller likegyldig.

Etter pausen vil Heidi Richardson som er forskingskoordinator ved Hardanger og Voss museum har forska på folks ferjeliv halda føredrag. I dette føredraget vil ho seia litt om kva ferjene har betydd for folk – på godt og vondt. Me får høyra om dei rammene ferja set for kvardagslivet til folk, og korleis folk handterer dette. Det vil handla om ferja som arena for uformelle møte i kvardagen – pendlarane si ferje, men òg om råkøyring for å nå ferja, og ferja som stressmoment i kvardagen.

Kor: Kulturnaustet ved Hardanger fartøyvernsenter.

Kjøp billettar i døra.

Pris: 100kr

Start kl. 18:00

Foto: Johannes Østvold

Tid

4. nov. 2025 18:00 - 20:00(GMT+01:00)