mars 2019

31mar18:00GroupaFOLKEMUSIKK

Les meir

Om arrangementet

Me ynskjer Groupa v/ Terje Isungset, Jonas Simonson, Mats Edén – velkomen til Kabuso!

Bandet som har inspirert ein generasjon svenske musikarar med sin trong til å oppdage og sitt musikalske talent. I albumserien Kind of Folk held trioen fram med å gjenoppfinne den nordiske folkemusikken – med fokus på Noreg denne gongen.

På kvar sin måte har alle dei tre bandmedlemma sterke band til den norske folkemusikken. Mats sat som tenåring å høyrde på melodiar frå norske spelmenn og hardingfelemusikarar. Seinare studerte han hardingfela og samla på tonar frå både Värmland og Aust – Noreg. Terje er fødd og oppvaksen på Geilo og har spelt folkemusikk sidan barndommen. Jonas lot seg tidleg inspirera av tonespråket i den norske musikken.

Kombinasjonen av nyskapande instrumentering og ei evig-nysgjerrig utforsking av improvisasjon, saman med ein djup kjærleik til tradisjonell nordisk musikk, utgjer Groupa sin folkemusikk – som er av den mest spennande i vår tid. Ved hjelp av munnharpe, hardingfele, fløyte, viola d’amore, perkusjon og trommer, teiknar dei friske fargar og utforskar ein ny musikalsk dimensjon. I lyden av Groupa finn du eit komponert bilete av gårsdagens tradisjonar, dagens lunte og morgondagens moglegheiter.

Vil du høyre litt? Høyr her!

Velkomen til ei spennande musikkoppleving i Kabuso!

Tid

(Sundag) 18:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Hardanger og Voss museum
Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved våre besøksstadar!
Opningstider
Sjå dei einskilde besøksstadane for opningstider
X