mai 2019

04mai16:00Borealis - Ung komponist: Saxifraga Quartet

Les meir

Om arrangementet

Opplev saksofonkvartetten Saxifraga Quartet – og ein robotsax som dirigent!

Saxifraga Quartet er:
Lene Myhre Strand, Bjørn Strand, Roger Andreas Holme og Sjasmin Reitehaug

Borealis Ung Komponist er Borealis – en festival for eksperimentell musikk sitt mentorprogram for komponistar i startfasen av sin karriere. I sitt andre år av programmet er målet med prosjektet fortsatt å oppmuntra til breiare diskusjon om, og formidling av, unge komponistar sitt arbeid på Vestlandet. Det vil også utfordra deltakarane til å tenkja utanfor dei etablerte musikalske normene.

Kvart år inviterar Borealis fire internasjonalt anerkjende komponistar frå Noreg og utlandet for å vera mentorar i programmet. I tillegg arbeider deltakarane tett saman med eit ensemble basert i Bergen. Gjennom året møtest komponistane, mentorane og ensemblet i 5 samlingar over 3 dagar, og det vert skrive fire nye verk som alle har urpremiere under Borealis 2019. Kabuso er så heldig og få presentera resultatet av dette samarbeidet i konsertsalen laurdag 4. mai.

Årets komponistar er:
– Rakel Karoline Sætrevik Nystabakk, komponist og trompetist
– Alexander Fiske Fosse, komponist, men begynte som gitarist og saksofonist
– Stephan Meidell, gitarist og komponist, er ofte å sjå på konsertscenane rundt om i landet
– Harald Jordal Johannessen, komponist, gitarist og elektronisk utøvar, som no konsentrerer sitt komposisjonarbeid rundt elektroakustisk musikk

Velkomen til ei unik konsertoppleving i Kunsthuset Kabuso!

Tid

(Laurdag) 16:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Billettar

>>>

Sjå hending på Facebook

>>>

Hardanger og Voss museum
Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved våre besøksstadar!
Opningstider
Sjå dei einskilde besøksstadane for opningstider
X