juli 2019

13jul11:3012:00Å vera og gjera samanOpning barneutstilling

Les meir

Om arrangementet

No opnar årets barneutstilling i Agatunet!

Gjennom våren har me i Agatunet og born i Aga barnehage møttest, og snakka om sidar ved det å vera og gjera saman. Me vart einige om at treffa skulle enda i ei utstilling i tunet.

Borna har fått læra om korleis livet arta seg i eit klyngetun i gamledagar, når alle budde tett på kvarandre og var avhengige av kvarandres hjelp for å berga seg og få gjeremåla unna.Dei har mellom anna vore saman med Lasse Aga, ein av dei siste på Aga som vaks opp i tunet, og høyrt han fortelja – i stova der han levde med familien sin. Dei har høyrt om riddar Sigurd i Lagmannsstova, korleis han som lagmann skulle syta for å skilja mellom rettvise og urett, og korleis skjoldet hans fremleis er nytta som symbol i Ullensvang herad, som eit samlande symbol.

Dei har vore på kunstverkstad med Iben Amelie Mansfeld (som og stillar ut i tunet i sommar) og formidlingsleiar Line Iversen og laga ein stor installasjon av naturmaterialar og ting dei fann kring seg. Som grunnlag for installasjonen er nytta eit fiskegarn, eit nett som heng saman med seg sjøl, som dei gjennom å samarbeida kunne gjera til noko anna.

Me har snakka om naturen og korleis den gjer oss det vi treng, berre vi tar vare på han, men og om kunst – kva det er og kva den kan gje oss, at me menneskje og treng kunsten – at me har kjensler og lengsler som går forbi sulten og tørsten og dei grunnleggjande fysiske behova, og korleis me vert glade av det som er fint. Me har snakka om korleis me treng kvarandre.

I Aga barnehagehar dei dette året hatt sosial kompetanse som prosjekt, og arbeidd mykje med å dela, samarbeida, hjelpa og vera venar – og linjane mellom dette prosjektet og kunstutstillingsprosjektet har vore mange og rike.

Borna har måla skjold, teikna og laga kunst i barnehagen, og teke med seg inspirasjon fra utstillingsarbeidet på turar i nærområdet, der dei mellom anna har laga landskapskunst i fjøro.

Me er stolte av å kunne visa frem dei flotte arbeida til borna på Aga! Kom og sjå dei du og!

Du finn utstillinga i Johansstovekjellaren.

Utstillinga opnar laurdag 13.7.19 klokka 11:30, og står til og med 1. september.

Velkomne!

Tid

(Laurdag) 11:30 - 12:00

Stad

Agatunet

5776 Nå

Hardanger og Voss museum
Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved våre besøksstadar!
Opningstider
Sjå dei einskilde besøksstadane for opningstider
X