Om oss


Hardanger og Voss museum vart skipa 17. januar 2006 som ei konsolidering av fleire etablerte museum i området:
>>> Hardanger fartøyvernsenter (Norheimsund)
>>> Kunsthuset Kabuso (Øystese)
>>> Hardanger folkemuseum (Utne)
>>> Agatunet (Aga)
>>> Voss folkemuseum (Voss)
>>> Granvin bygdemuseum (Granvin)
>>> Skredhaugen (Lofthus)
>>> Storeteigen bygdetun (Øystese)
Borgstova (Vikøy)
Museet skal driva innsamling, bevaring, forsking og formidling tufta på kulturuttrykk frå fortid og samtid.
Gjennom dokumentasjon av variasjon og fellestrekk skal museet vera med på å synleggjera Hardanger og Voss lokalt, regionalt og internasjonalt.
Med utgangspunkt i rolla som samfunnsminne skal museet vera ein open møtestad der alle er velkomne til å studera, oppleva og finna utfordringar.
Museet yt fagleg hjelp i museums- og kulturminnespørsmål til kommunar og frivillige i regionen.
_________________
Vårt samfunnsansvar:
- Mangfald: Hardanger og Voss museum som organisasjon skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i det norske samfunnet. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing av tilsette i høve alder, kjønn og kulturell bakgrunn
_________________
HVM i tal:
- 137 kulturhistoriske bygg og farttøy
- 51 973 gjenstandar
- 94 604 fotografi >>> Sjå utval på Digitalt museum
_________________
Årsmeldingar:
>>> 2020 (blir publisert våren 2021)
>>> 2019
>>> 2018
_________________
Styringsdokument:
>>> Vedtekter
>>> Strategisk plan
>>> Samlingsplan
>>> Forskingsplan
>>> Formidlingsplan

