Advent-quiz 2024

Konkurransereglar for Advent-quiz på Facebook 2024

Gjelder: Hardanger og Voss museum, periode: 1. desember til 24. desember 2024

Vinn inngangsbillettar og årskort til musea

  1. Slik deltek du:
    • Du deltek i konkurransen ved å kommentere under konkurranseinnlegget på Facebook.
    • Du må svare innan kl. 24 dagen konkurransen er publisert, dvs. svarar du på en spørsmål som gjeld for 2. desember på den 3. desember vert du ikkje med i trekkinga.
    • Éin kommentar tel som eitt bidrag. Fleire kommentarar under innlegget aukar ikkje vinnersjansane.
    • Du må være over 18 år og ha ein gyldig Facebook-profil for å delta.
  2. Vinnersjansar:
    • Du kan berre vinne éin gong i løpet av desember, men du kan delta kvar dag. Dersom ein tidlegare vinnar er den einaste som deltek i ei ny runde, vil me ikkje dele ut premien.
    • Alle som deltek i minst éi trekning i løpet av desember, blir automatisk med i ei eiga trekning om eit personleg årskort som gjeld alle musea i Hardanger og Voss museum.
  3. Premie:
    • Premien i kvar trekning er to inngangsbillettar til eit valfritt museum i Hardanger og Voss museum, og er gyldige for 2025-sesongen.
    • Billettane kan berre brukast ein gong til ordinære besøk og gjeld ikkje spesielle arrangement som krev eigen billett.
    • Årskortet til ein person er personleg gir fri tilgang til musea for heile 2025, men gjeld ikkje på spesielle arrangement, og eller konsertar som krev eigen billett.
  4. Kunngjering av vinnar:
    • Me kontaktar vinnaren via Facebook-melding og opplyser om vinnaren i ein kommentar under konkurranseinnlegget.
    • Dersom vinnaren ikkje svarar innan 7 dagar, trekkjer me ein ny vinnar.
    • Ved å delta i konkurransen, godtek du at namnet ditt kan bli publisert om du vinn årskortet.
  5. Levering av premie:
    • Inngangsbillett-premien blir levert som digitale billettar, sendte på e-post eller via ein annan digital plattform som blir avtalt med vinnaren.
    • Årskortet er personleg og vil bli sendt i post til den som vinner.
  6. Ansvar:
    • Denne konkurransen er ikkje sponsa, støtta eller administrert av Facebook.
    • Musea har rett til å endre eller avlyse konkurransen ved behov.

Ved å delta i konkurransen godtek du desse reglane. Lykke til! 🎉