september 2019
Program
desember 2019
Arrangementstype:
Alle
Alle
Arrangement
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør:
Alle
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardanger og Voss museum
Hardingfela
Hardingfela.no i samarbeid med Hardanger folkemuseum
Kunsthuset Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Test
The Art Centre Kabuso
Voss folkemuseum
06okt01maiJens Hauge - Utsiktspunkt og gøymestadUtstilling

Om arrangementet
I oktober opnar museet utstillinga «Utsiktspunkt og gøymestad». Den tek utgangspunkt i ein bildeserie kunstfotograf Jens Hauge starta i 1988 då han oppdaga ei nær falleferdig leikehytte i Vik i
Les meir
Om arrangementet
I oktober opnar museet utstillinga «Utsiktspunkt og gøymestad». Den tek utgangspunkt i ein bildeserie kunstfotograf Jens Hauge starta i 1988 då han oppdaga ei nær falleferdig leikehytte i Vik i Sogn. Hauge reiste fleire gonger tilbake til den same hytta og tok bilete. Dette var dei fyrste av i alt 150 foto av ulike trehytter frå heile Sør-Norge. Utstillinga på Voss folkemuseum syner eit stort utval frå serien – inkludert hytter frå Voss.
Sjølv om utstillinga handlar om leikehytter er ikkje biletserien særskilt retta mot born som målgruppe. Hauge vil ikkje avsløra borna sin gøymestad, ein stad som for mange born kanskje er den fyrste forsiktige lausrivinga frå heimen. Bileta i utstillinga er meir meint som ei «minnebru» til publikum, fortel fotografen. Jens Hauge er oppteken av leikehyttene som fenomen, – av dei skulpturelle, arkitektoniske, kunstneriske, filosofiske og sosialantropologiske aspekta ein kan lesa frå dei.
Tid
Oktober 6 (Sundag) 17:00 - Mai 1 (Fredag) 00:00
07des11:3016:00Mini-spikkekurs med Kjell MuslandSpikk eit nissehovud!

Om arrangementet
Den flinke figurskjeraren Kjell Musland kjem til Agatunet og held spikkekurs for både store og små. Kursa varer i 2 timer – nok til å spikke eit nissehovud. Material/utskore emne (i
Les meir
Om arrangementet
Den flinke figurskjeraren Kjell Musland kjem til Agatunet og held spikkekurs for både store og små.
Kursa varer i 2 timer – nok til å spikke eit nissehovud. Material/utskore emne (i lind, som er mjukt og lett å skjera i) og lån av spikkekniv er inkludert. Det vert høve til å kjøpa fleire og ulike emne, spesiallaga spikkeknivar og ferdig skorne figurar.
Kurs 1 – laurdag 7.12.19 kl. 11:30 – 13:30: 300 kr. pr. person. 8 plassar.
Kurs 2 – laurdag 7.12.19 kl. 14:00 – 16:00: 300 kr. pr. person. 8 plassar.
Påmelding til kursa snarast, og seinast 1.12.19 til kjell.musland@knett.no
Spørsmål rettast til Kjell Musland på telefon 91 58 24 69
Tid
(Laurdag) 11:30 - 16:00
Sjå hending på Facebook
>>> Meld di interesse her!
07des12:00Bornas Kabuso: Gubben og katten. NissemaskinenKunst- og filmklubb

Om arrangementet
Ein skal ikkje love for mykje, tenkte Gubben etter at han hadde sagt til katten Findus at julenisse skulle komme på julekvelden. Gubben er ikkje så sikker på at julenissen
Les meir
Om arrangementet
Ein skal ikkje love for mykje, tenkte Gubben etter at han hadde sagt til katten Findus at julenisse skulle komme på julekvelden. Gubben er ikkje så sikker på at julenissen finst og bestemmer seg for å lage ein nisse som både kan røre på seg og snakke. Lengd 1 t 14 min. Etter filmen kan dei som har lyst vere med å lage julepynt.
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb med eit månadleg tilbod til born i Kabuso.
Kåra til Årets barnefilmklubb 2019.
Medlemsskap i klubben kostar 70 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2019.
Vaksne går gratis i følge med born.
Inga aldersgrense, inga påmelding.
Passar for alle.
Tid
(Laurdag) 12:00
Sjå hending på Facebook
>>>
07des13:0017:00Førjulslaurdag i AgatunetGraut, spikkekurs, julegran og ljosstøyping!

Om arrangementet
Laurdag 7.12.19 har me ope i kafé i Agatunet frå kl. 13-17. Frå klokka 14 har me julegraut og saft! Elles enkelt utval. Kjell Musland held spikkekurs - spikk din eigen
Les meir
Om arrangementet
Laurdag 7.12.19 har me ope i kafé i Agatunet frå kl. 13-17. Frå klokka 14 har me julegraut og saft! Elles enkelt utval.
Kjell Musland held spikkekurs – spikk din eigen nisse! – frå 11:30-13:30 og 14-16. Førehandspåmelding – sjå eige arrangement for informasjon og påmelding: https://agatunet.no/program/mini-spikkekurs-med-kjell-musland/
I Haldorskjellaren kan du mellom klokka 13 og 16 støypa ljos (40kr for to ljos).
Ca. kl. 16:30 tenner me ljos på juletre i tunet.
Velkomne til ein triveleg førjulslaurdag!
Tid
(Laurdag) 13:00 - 17:00
07des14:0015:00Julefred - ein førjulskonsert

Om arrangementet
Den 7. desember kl.14.00 er det førjulskonsert i kafèen på Hardanger fartøyvernsenter. Trioen består av Lars Gunnar Solsvik på keyboard, Jonas Selås OIsen på gitar og Karina Bjørnes på vokal. Musikken ligg
Om arrangementet
Den 7. desember kl.14.00 er det førjulskonsert i kafèen på Hardanger fartøyvernsenter.
Trioen består av Lars Gunnar Solsvik på keyboard, Jonas Selås OIsen på gitar og Karina Bjørnes på vokal.
Musikken ligg i landskapet jazz, vise, folk og pop. Repertoaret består av julesongar og tema rundt jul. Kom på konsert og kjenn på julestemninga!
Ein kan få både vått og tørt i kafèen, og museumsbutikken har godt utval av julegåver.
Det kostar 150,- per billett, kan kjøpast i døra.
Tid
(Laurdag) 14:00 - 15:00
Sjå hending på Facebook
>>> Meld di interesse
08des14:00Camilla Hole trioModerne folkemusikk

Om arrangementet
CAMILLA HOLE saksofon FREDRIK LUHR DIETRICHSON kontrabass KNUT KVIFTE NESHEIM trommer/vibrafon Sundag 8. desember kl 14 kan du oppleva jazzmusikarar tolka folkemusikk i Kabuso - og alt ligg til rette for eit spanande
Les meir
Om arrangementet
CAMILLA HOLE saksofon
FREDRIK LUHR DIETRICHSON kontrabass
KNUT KVIFTE NESHEIM trommer/vibrafon
Sundag 8. desember kl 14 kan du oppleva jazzmusikarar tolka folkemusikk i Kabuso – og alt ligg til rette for eit spanande konsert.
Folkemusikken høyrer ikkje fortida til, han skal førast vidare av – og til – alle som ser verdi i dei vakre, tradisjonssterke melodiane. Med denne innstillinga tar Camila Hole – saksofonist frå Breim i Nordfjord, utdanna i Stavanger og Telemark, og busett i Oslo – ny og gamal folkemusikk frå Sogn og Fjordane, og tolkar dei med moderne instrument og eigne preferansar. Kombinasjonen lét moderne og samstundes utruleg vakkert. Med seg har Hole fått Fredrik Luhr Dietrichson frå mellom anna Moskus og Skadedyr, samt Knut Kvifte Nesheim frå BenReddik og Fri-Ensemblet.
Saman finn dei essensen i musikk som har blitt vidareført gjennom generasjonar og tilfører det noko eige og ekstra.
Tid
(Sundag) 14:00
Stad
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
13des17:0019:00JolafestTopp stemning!

Om arrangementet
Velkomen til den årlege jolafesten på Storeteigen bygdemuseum! I god tradisjon blir det topp stemning på tunet med gode folk som samlast rundt bålpannene, noko varmt i koppen og aktivitetar på
Om arrangementet
Velkomen til den årlege jolafesten på Storeteigen bygdemuseum!
I god tradisjon blir det topp stemning på tunet med gode folk som samlast rundt bålpannene, noko varmt i koppen og aktivitetar på heile tunet.
Det vert mellom anna jolaverkstad, korte filmar og lesestund – og kanskje kjem Torefjellsnissen òg?
Billettar inkl. kaffi/eplegløgg: 50 kr (vaksen) / 20,- (barn) / 100,- (familie)
Tid
(Fredag) 17:00 - 19:00
Sjå hending på Facebook
>>> Meld di interesse her!
14des13:00KakaokonsertKvam kulturskule

Om arrangementet
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule! Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i konsertsalen i Kabuso. Då kan du lena deg tilbake og oppleva alt frå
Les meir
Om arrangementet
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule!
Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i konsertsalen i Kabuso.
Då kan du lena deg tilbake og oppleva alt frå vakker song til den råaste gitarsoloen. Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert – kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar.
Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet hos oss – sjølvsagt med mellom anna varm kakao på menyen.
Billettar, i resepsjon: 50,- (born/vaksen)
NB! Kabusokortet gjeld ikkje på kakaokonsertar
Arr: Kvam kulturskule og Kabuso
Tid
(Laurdag) 13:00