Lars Osa

lau11maisun01sepLars OsaVerk frå Aga(mai 11) 15:00 - (sept 1) 17:00(GMT+00:00)

Osa, maleri, bilde, bilete, utstilling, agatunet, kunstgruppa

Om arr.

I 1927 kom målaren og felespelaren Lars Osa til Aga på eit utsmykkingsoppdrag for det nybygga grendahuset Sagatun. Under opphaldet, og når han kom attende til Aga tidleg på 30-talet, måla han og både portrett og landskap på bestilling frå andre agingar. For fyrste gong har ein samla nokre av dei verka Osa skapte på Aga, og me i Agatunet er stolte over å sesongen 2019 kunne visa ein utstilling med Osa sine Agabilete – mange av dei ukjende og aldri før fremsynt. Tre av bileta eies av grandahuset Sagatun, resten er i privat eie.

Utstillinga er samla og kuratert av Kunstgruppa i Agatunet. Du kan lese meir om utstillinga og kunstnaren her.

Gå ikkje glipp av desse fine portretta av tunet og tunfolket!

Meir program kjem.

Tid

Mai 11 (Laurdag) 15:00 - Sept 1 (Sundag) 17:00(GMT+00:00)