Byggestart for nytt publikumsbygg
No kan Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund endeleg sette spaden i jorda for nytt publikumsbygg.
Bygget som har vore planlagt og arbeidd med i fleire år har fått oppstartsdato hausten 2023.
Det er entreprenør Åsane Byggmesterforretning AS som har blitt tildelt byggoppdraget. Det nye bygget og uteområdet er teikna av arkitektane Solveig Valland i Geoplan AS og Lars Berge i LJB AS. Publikumsbygget er planlagt å stå ferdig våren 2025.

Direktør i HVM, Åsmund Kristiansen og dagleg leiar i Åsane Byggmesterforretning. (Foto: Lars J. Berge)
Prosjektet er ikkje fullfinansiert, så ein vil fortsette arbeidet med å skaffe dei siste midlane samstundes som bygginga vert gjennomført i etappar.
Stortingsmelding 23 (2020-2021), «Museumsmeldinga», omtaler prosjektet og Hardanger fartøyvernsenter (HFS) som det viktigaste kompetansesenteret i landet for Ã¥ vidareføra kunnskap om og dugleiker i Ã¥ byggja nye og Ã¥ setja i stand historiske bÃ¥tar og fartøy av tre. HFS har formidlings- og undervisningsopplegg til besøkande, elevar, kurs m.m.
Publikumsbygget er ein del av utviklingsprosjeket «Tett pÃ¥» som er generalplanen for utvikling av senteret med restaureringsverkstader, maritimt museum, kurslokale, uteomrÃ¥de m.m.
– No gler me oss til Ã¥ setje i gang med bygging, etter mykje planlegging, prosjektering og finansiering. God støtte lokalt har vore avgjerande for lukkast. No mÃ¥ berre dei siste midlane pÃ¥ plass for Ã¥ kunne gjennomføre heile prosjektet, seier Ã…smund Kristiansen, direktør i Hardanger og Voss museum.
Les mer om prosjektet her: https://fartoyvern.no/tett-paa/