februar 2019

24feb(feb 24)11:0020apr(apr 20)16:00Aud Bækkelund - Alternative farvannUtstilling

Les meir

Om arrangementet

Aud Bækkelund viser hovudsakleg installasjonar i denne utstillinga i Kabuso.
Bækkelund ser etter poesien i omgjevnadane og og i det daglegdagse. Gjennom gjenbruk og ready mades held ho seg i ei materiell assosiasjonsverd knytt til kvardagsliv, sansing og minner.

Bækkelund er fødd og oppvaksen i Hedmark, men flytta til Norheimsund etter å ha fullført hovudfag ved Kunsthøgskolen i Bergen.
Ho har ein omfattande utstillingsaktivitet og har hatt separatutstillingar i Kunstnerforbundet, Ram galleri og Soft galleri i Oslo. Vidare har Bækkelund stilt ut på galleri i Stavanger, Trondheim og Bergen. Ho har også delteke på Høstutstillingen og i ei rekkje gruppeutstillingar i inn- og utland.

Opningstider i utstillingsperioden:
Ons-fre kl 11-15, laur+sun kl 11-16

 

Tid

Februar 24 (Sundag) 11:00 - April 20 (Laurdag) 16:00

Hardanger og Voss museum
Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved våre besøksstadar!
Opningstider
Sjå dei einskilde besøksstadane for opningstider
X