april 2019

05apr(apr 5)09:3007(apr 7)14:00Kurs hardangersaumLær å sy hardangersaum slik me gjer det i Hardanger!

Les meir

Om arrangementet

Hardanger folkemuseum inviterar til helgekurs i hardangersaum 5. – 7. april og 27. – 29. september 2019. Kursa inkluderer både omvising, foredrag, besøk på tekstilmagasinet og overnatting på ærverdige Utne hotel.Like tilbake til 1600-talet har kvinner i Hardanger sydd hardangersaum som en del av den lokale draktskikken. Sidan har interessa for dette vakre broderiet spreidd seg til store delar av verda. Hardanger folkemuseum arrangerer kurs i hardangersaum. Lat våre kurslærarar ta deg med til hardangersaumens arnested, og syna deg saumens løyndomar.

Kurs i hardangersaum inkluderer tre dagars kurs med omvisingar, foredrag, magasinbesøk, overnatting, frokost, lunsj og middag.

Tidspunkt
5. – 7. april 2019. Påmelding innan 15. mars 2019.

27. – 29. september 2019. Påmelding innan 15. september 2019.

Andre tidspunkt kan avtalast, me arrangerar kurs for grupper heile året.
Ved færre 5 påmeldte deltakarar kan kursa verta avlyste.

Prisar
Kurs med overnatting i dobbeltrom og fullpensjon 6.690,-
Enkeltromstillegg 1.210,-
inkluderar kursavgift, overnatting tre netter og alle måltid fredag til sundag.
Kursmateriell kjem i tillegg, alt etter kva ein vel å sy.

Alternativ utan overnatting
Kurs dagtid og lunsj tre dagar 2.900,-

For meir informasjon, kontakt Agnete Sivertsen, tlf 47 47 98 84/95 93 46 98,

Program hardangersaumkurs 2019

Tid

5 (Fredag) 09:30 - 7 (Sundag) 14:00

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Hardanger og Voss museum
Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved våre besøksstadar!
Opningstider
Sjå dei einskilde besøksstadane for opningstider
X