mars 2019

29mar19:30Konsert: Jo Asgeir Lie og Kristoffer Kleiveland

Les meir

Om arrangementet

Fredag 28. mars kl 19.30 vert det konsert med Jo Asgeir Lie og Kristoffer kleiveland, to utøvarar som verkeleg har utfordra og utvida måten dei brukar instrumenta sine på. Med ein sterk folkemusikalsk bagasje, vil dei saman ta oss med på ei rundreise i folkemusikken for durspel og trekkspel. Det vert ein konsert som femner breitt i sjanger og uttrykk, og latteren sitt laust hjå dei begge medan dei fortel skrøner og røverviser frå gamledager.

Jo Asgeir Lie kjem frå Voss, og er rektor ved Ole Bull Akademiet. Han er også ein allsidig musikar og komponist. Han er i dag ein av dei mest markante utøvarane på trekkspel i Noreg, både som utøvar, formidlar og pedagog.

Kristoffer Kleiveland kjem frå Osterøy og spelar durspel. Han vert rekna som ein av dei beste utøvarane på durspel i dag, og er aktiv som både pedagog, formidlar og utøvar.

Billettar: 250,- Med sesongkort får du billettar til redusert pris: 225,-

Pub og kafé

Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Kafeen er ope, og det vert sal av forfriskingar under og etter konserten.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd

Tid

(Fredag) 19:30

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Hardanger og Voss museum
Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved våre besøksstadar!
Opningstider
Sjå dei einskilde besøksstadane for opningstider
X