februar 2019

Helgekurs HjartebringklutLær å sy hjartebringklut

Les meir

Om arrangementet

I samband med utstillinga 1000 bringklutar arrangerer Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag kurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset får du læra å sy hjartebringklut.

Hjarteforma kom på moten kring 1840, og var nytta som motiv på fleire bringklutar. Ofte nytta ein stråperler til å laga hjartet, og pynta inni med både stråperler og andre perler.

Museet og husflidlaget sett opp to helgekurs i å laga hjartebringklut no i vår, med Agnete Sivertsen som kurslærar. Det eine kurset vert laurdag 16. og sundag 17. februar. Det andre kurset vert laurdag 23. og sundag 24. februar. Begge kursa vert på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 16.30.

Påmelding til /47479884 innan 1. februar

Pris: 2000 for medlemmer i folgefonn/norges husflidslag, 2500 for ikkjemedlemmar. Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj begge dagane.

Tid

Arrangement som går heile året (2019)

Stad

Hardanger folkemuseum

Museumsvegen 36, 5778 Utne

Hardanger og Voss museum
Administrasjon:
Museumsvegen 36, 5778 Utne
Tlf 404 34 100 / post@hvm.museum.no
Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved våre besøksstadar!
Opningstider
Sjå dei einskilde besøksstadane for opningstider
X