Hardangerbrua - allereie på museum

Hardangerbrua - allereide på museum

Etter mange år med diskusjon vart det i 2006 vedteke at Hardangerbrua skal byggjast. Arbeidet tok til 2007 og brua stod ferdig i 2013.
Ved Hardanger og Voss museum har det vorte jobba med ei samtidsdokumentering i samanheng med realiseringa av dette samferdselsprosjektet.

Debatten før bygginga har vorte dokumentert gjennom innsamling av ulike kulturutrykk, både skriftlige kjelder (alt frå avisinnlegg, plakatar til revytekstar), gjenstandar brukt i samanband  med aksjonar og intervju med sentrale aktørar i debatten.
Folk i heile regionen vart intervjua om kva slags forventingar og synspunkt dei hadde til brua. Det vart også sett fokus på ferjesambandet som ville verta lagt ned ved at ferjereisande vart intervjua om deira tankar og minne knytt til ferja.

Ut over dette vart det interessant å drøfta endringane i samferdsla i Hardanger dei siste hundre åra med utgangspunkt i det gamle Vallavik-tunet, som ligg like attmed brua.
Det innsamla materialet vil danna grunnlaget for ei samling artiklar om kva diskusjonen om og kva bygginga av ei bru kan bety for ulike menneske i ein region. Det vert også gjennomført eit undervisningsopplegg og ei utstilling knytt til prosjektet.

Slik forskingsbasert samlingsforvaltning og formidling knytt til eit samfunnsaktuelt tema ser ein som eit viktig grep i utviklinga av museet. I fyrste omgang som eit treårig prosjekt støtta av ABM-utvikling.

For meir informasjon om prosjektet ta kontakt med prosjektleiar Heidi Richardson.