Norsk English

Forsking og forvalting

Hardanger og Voss museum forvaltar ei rekkje samlingar med mange tusen objekt. Utvalde gjenstandar frå samlingane er til ei kvar tid utstilte i museet.

Hardanger og Voss museum driv vidare kunnskapsutvikling innafor mange ulike tema, og har store ambisjonar for forskingsaktiviteten i åra som kjem.

Forskinga i museet strekkjer seg frå samtidsorienterte prosjekt knytt til mellom anna samferdsle, hytteutbygging og det å leva i rasutsatte strok til prosjekt som med utgangspunkt i hus, båtar og samlingar trekkjer dei lange linene bakover i tida.
Som døme kan nemnast mellomalderhistoria til storgarden Aga, forsking på bakgrunnen for og tradisjonar innan den rike draktkulturen i regionen og forsking på bygging og bruk av jakter og andre fartøy.

Handverk og handverkstradisjonar er eit viktig satsingsområde for museet og det vert drive fleire forskingsprosjekt i brytinga mellom tradisjonelle akademiske tilnærmingar og kunnskapsutvikling knytt til den handlingsborne dimensjonen ved handverka.
 
I forskingsplanen frå 2011 kan du lesa om aktuelle forskingsprosjekt.

Filer

Brudefaerd I Hardanger Foto Knud Knudsen

Digitalt museum

Sjå gjerne delar av samlingane til Hardanger og Voss museum på nett! På Digitalt museum kan du finna bilete

Strandebarmaren

Boka Strandebarmaren

I 2014 kom småbåtbyggjar Perter Helland Hansen ut med boka Strandebarmaren. Småbåtbygging i Hardanger.
Helland Hansen er tilknytt museumsavdelinga ved Hardanger fartøyvernsenter. 


Folgefonn

Ferjene i vestlandskulturen

For nokre år sidan fekk Hardanger og Voss museum ein uvanleg stor gjenstand inn i samlinga si. Ferja Folgefonn er no freda av Riksantikvaren og ligg fortøydd ved Hardanger fartøyvernsenter.

Hardangerbrua - allereide på museum

Hardangerbrua

Etter mange år med diskusjon vart det i 2006 vedteke at Hardangerbrua skal byggjast. Arbeidet tok til 2007 og brua stod ferdig i 2013.
Ved Hardanger og Voss museum

Friarbrev

Studentstipend

Hardanger og Voss museum lyser kvart år ut studentstipend på inntil kr 25.000 til mastergradsprosjekt. Stipendet har søknadsfrist 15. august.

Ny datering av Lagmannsstova i Agatunet

Resultatet frå dateringsprøvene er no klare. Lagmannsstova vart reist ein gong mellom 1220-1230. Dette fleire tiår tidlegare enn ein har trudd til no.

Jentehovudbunad

Hovudbunadene har røtene sine i mellomalderen, og sjølv om mykje er dokumentert, er det viktig å setja fokus på dette emnet og å samla den kunnskapen som finst.

Rekonstruksjon av tau til ”Barcode 6”

I samband med at Norsk maritimt museum rekonstruerer det arkeologiske funnet Barcode 6, er reipslagar Ingunn Undrum engasjert i arbeidet med å finna ut korleis tauet i rigge...

Havaassamlinga

Den kjende botanikaren Johan Havaas si store samling er stilt ut i Granvin bygdemuseum. Havaas er internasjonalt kjend for banebrytande forsking på lav.