Norsk English

Kinck i kvar krok - Hans E. Kinck 150 år

Hans E. Kinck står i rekkja av dei verkeleg store og markante forfattarane på nasjonalt nivå, og då særleg som novellist.

Utstillinga «Kinck i kvar krok» laga av Hardanger og Voss museum er i fire delar, som går på omgang mellom desse visningsstadene:
Strandebarm bibliotek, Øysteseheimen, Norheimsund bibliotek og Kvam rådhus. Dei fire montra vil rullere i april, juni og september. I november avsluttar vi feiringa av Kinck jubileet.



26. januar monterte Hardanger og Voss museum «Kinck i kvar krok» knytt til Kinck-jubileet. Kinckjubileet handlar naturleg nok mykje om tekst. Men historia om Kinck kan også forteljast gjennom gjenstandar, og det ein gjer i denne utstillinga. 

Det gjev noko ekstra å få sjå Kinck si eiga handskrift, brillene som sat på Kinck si nase og barnefela han spela på då han som tiåring kom til Strandebarm. Gjenstandane som vert stilt ut, er velvillig utlånt frå Kinck-huset av Johan Storm Munch. 

Utstillinga har økonomisk stønad frå Hordaland fylkeskommune og Kvam herad.

 

 



Filer

Flere bilder

  • Tina og Torbjørn monterar utstilling
  • Spøyte og tekst
  • Kinck tekst