Norsk English

Ny styreleiar i Hardanger og Voss museum

Bjørn Christensen har takka ja til å vera styreleiar for Hardanger og Voss museum.

- Eg har vore nestleiar, og takka ja til å rykkja opp då eg vart spurd om å overta for Eva von Hirsch. Eg synest arbeidet med Hardanger og Voss Museum er spennande, der me har mykje på gang, seier den nye styreleiaren til avisa Hordaland.

Skiftet vart formelt gjort på styremøtet 7. januar. Eva von Hirschheld fram i styret, der Astrid Farestveit Selsvold frå Kvam er ny nestleiar. Ny i styret er også Johannes Neteland, for Torleiv Ljones frå Kvam.

- I tida som kjem har me ein ny organisasjonsplan som me ynskjer å gjennomføra. Det er eit spennande arbeid, som vil medføra endringar i rådet for museet, og funksjonen det har. Det er òg framlegg om å redusera talet på medlemer i styret til sju personar.

Hardanger og Voss museum er organisert som ei næringsdrivande stifting og har heile ti medlemer i styret no.

Involvera fleire

Styreleiaren peikar også på ynsket om å kunna involvera kommunane i distriktet sterkare, i museet sitt arbeid.

- Sjølv har eg også ein draum om å få i gang tiltak som trekkjer endå fleire besøkande til musea. Det hadde vore fint å få den vanlege mann og kvinne meir interessert. Ikkje for billettinntektene sin del, men for å styrkja omdømet vårt.

Det kan i neste omgang gjera det lettare å få finansiert prosjekt me vil arbeida med. Faktisk skal me ha dette som ei sak alt på det neste styremøtet vårt.

Dei åtte einingane i Hardanger og Voss museum spenner frå Mølstertunet og andre bygdetun, til kunsthuset Kabuso og Hardanger Fartøyvernsenter. Det er mange omsyn å ta, men Christensen har inntrykk av at dette går bra, utan at nokon er spesielt misnøgde med sin situasjon. Museet har 60 tilsette og hadde det siste året ei omsetning på nær 50 millionar kr.

Vanskelege endringar

Ei tung sak det siste året har vore nedlegginga av ungdomsavdelinga, eit barneverntiltak ved Hardanger fartøyvernsenter. For museet sin del har det vore ein fordel at dette ikkje lenger er ein del av deira drift, meiner styreleiaren.

Han ser også føre seg at fartøyvernsenteret vert omskipa til eit aksjeselskap, som framleis høyrer til under Hardanger og Voss museum sin paraply.

I arbeidet tek den nye styreleiaren med seg røynsler både frå arbeidet som statssekretær for kulturminister Åse Kleveland, frå arbeidet som ordførar både i Fjell og Voss, og arbeidet med kulturbasert næringshage på Voss.

Bjørn Christensen er også styreleiar i Indre Hordaland miljøverk, styremedlem i Antidoping Norge og i Coop Hordaland.