Norsk English

Forprosjektrapport Hardingfelesenteret

Ved Hardanger og Voss museum har ein lenge ynska å bidra til å styrka tradisjonane
knytt til hardingfela. Forprosjektet og rapporten som no ligg føre syner korleis dette kan gjerast. Forprosjektrapporten gir eit fagleg fundament for arbeidet med Hardingfelesenteret, og er eit godt grunnlag for vidare arbeid, både med å få senteret realisert og med det faglege arbeidet ved senteret. Rapporten finn du her, og nederst på denne sida.

Bakgrunn for oppstarten av forprosjektet for hardingfelesenteret er trongen for å styrkja levekåra/livskrafta til hardingfeletradisjonen. Hordaland fylkeskommune erkjente dette behovet i den regionale museumsplanen «Musea i samfunnet» (2011), og sette etablering av eit hardingfelesenter i Hardanger som eitt av dei høgst prioriterte tiltaka for perioden 2011-2015.


Forprosjektet konkluderer med at det er både behov og moglegheiter for eit hardingfelesenter som arbeider med styrking og vidareføring av hardingfeletradisjonen, slik at den praktiserte kunnskapen knytt til tradisjonen kan leva vidare. Hardingfelesenteret skal vera ein nasjonal og internasjonal møteplass med forankring i lokal og regional kunst og kultur. 

Hardingfeletradisjonen er ei immateriell kunstog kulturform, og senteret skal arbeida fram og setja i verk viktige funksjonar tradisjonen treng for ei god utvikling. Som ein del av dette er det viktig å oppretthalda, styrkja og koordinera det som finst av arenaer som er brukarstyrte, det vil seia at forvaltarane har arenaer der dei sjølve får gjera utvala.


Hardingfelesenteret skal arbeida med hardingfeletradisjonen som heilskap, med fokus på instrument, instrumentmaking, spel, dans - og samanhengen mellom desse. Satsinga skal arbeida for auka kunnskap i og om dei ulike delane tradisjonen inneheld, og ikkje minst formidla og gjera tilgjengeleg det som finst av kunnskap. Gjennom å vera ein koordinerande institusjon innan tradering, felemakeri og arkiv, og ha ei initierande rolle for forsking på hardingfela, skal hardingfelesenteret vera eit kraftsentrum for instrumentet og tradisjonen.


Korleis institusjonen skal konkretiserast fysisk tek ikkje forprosjektet stilling til, men insisterer på at faglege omsyn er det som må vera avgjerande på dette springande punktet. Det same gjeld i kva grad og korleis Hardingfelesenteret skal knytast til ein eller fleire eksisterande institusjonar/einingar. For å føra arbeidet vidare fram mot ei realisering av Hardingfelesenteret, er det behov for å etablera eit 1-årig hovudprosjekt, som klargjerande fase før etablering og drift. I denne perioden vil ein gjennomføra pilotprosjekt, samt utarbeida forretningsplan som
grunnlag for søknad om driftsmidlar 1. mars 2014.

Filer