Norsk English

Hardanger - den kulturelle fjorden, M/S Granvin på tokt med nøgde gjestar ombord.

Prosjektet Hardanger - den kulturelle fjorden har i byrjinga av august 2012 gjennomført dei fyrste turane med  den freda veteranbåten M/S Granvin. Pilotturane gjekk både i Samlafjorden og Sørfjorden og bydde på ein unik sjanse til å oppleva Hardanger i roleg tempo.

Det var heildagsturar som var lagt til rette for å også besøkja store og små attraksjonar i land. Det var høve til å kjøpa lokalt produsert mat om bord på båten og det var med guide som fortalde om kulturhistorie og aktivitetar i Hardanger. Ruta i Samlafjorden som starta frå Norheimsund, hadde stopp i både Herand og Fyksesund Landskapspark. Ruta i Sørfjorden hadde Odda som utgangspunkt og det var tid for å besøkja Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum og Agatunet.

På dei fire turane med betalande gjester var det om lag 150 deltakarar. Spørjeundersøkinga viser til at pilotturane har vore svært vellykka. 100% svara at dei ville tilrå turen til andre. Både i Samlafjorden og i Sørfjorden var dei fleste gjestene med på heile rundturen og nytta seg av lokale tilbod i land. Undersøkinga viser at gjestene har vore fornøgde til svært fornøgde med opplevingane. Dei som ikkje var nøgde, sa at det var for lite tid i land for å utforska stoppestadane.

At fjordbåten M/S Granvin er ein veteranbåt var nokså viktig for at gjestane valte å vera med på turen, 99% svarte at båttypen var utslagsgjevande for val av turen. Tilboda om bord var gjestane stort sett fornøgde med.

Neste steg for prosjektet er å innarbeide tilbakemeldingar frå gjesteundersøkinga i neste års ruteplanlegging. I 2013 skal det vera ei lengre periode med faste sommarturar med vetranbåt på Hardangerfjorden. 

Flere bilder

  • Arne Fykse spelte hardingfele på toktet i Samlafjorden med fjordabåten Granvin
  • Nøgde passasjerar nyt utsikten frå fjordabåten Granvin
  • Fjordabåten Granvin på veg inn Fyksesundet på tokt for Hardanger - den kulturelle fjorden.
  • Fjordabåten Granvin på pilottokt for Hardanger - den kulturelle fjorden, 1. - 5. august 2012