Norsk English

Nye nettsider!

I dag lanserar Hardanger og Voss museum nye nettsider. Det er ein nøgd museumsdirektør som oppmodar publikum til å ta dei nye nettsidene i bruk.

Nettsidene er utvikla av Reaktor Kyber og designa av Orangeriet. Innhaldet vert kontinuerlig produsert av dei tilsette ved museet. Lanseringa av nye nettsider er ein del av Hardanger og Voss museum si satsing på digital formidling.

Her skal ein kunna finna det meste ein treng av informasjon om Hardanger og Voss museum og alle avdelingane. Nettsidene vert kontinuerleg oppdatert. Med denne satsinga får også dei små avdelingane eigne nettsider, nokre for fyrste gong.

-Eg håpar publikum tek godt imot dei dei nye nettsidene, seier direktør for Hardanger og Voss museum, Trude Hoflandsdal Letnes, og oppmodar folk om å melda seg på nyhendebrev.

Foto: Mette Bleken, Hardanger folkeblad

Flere bilder