Norsk English

Digitalt museum

No kan ein finna deler av samlingane til Hardanger og Voss museum på nett. Av godbitane som no ligg ute på Digitalt museum kan ein nemna bringklutsamlinga frå Bu museum og fotosamlinga etter Anders P. Wallevik.

Som fyrste museum i Hordaland har Hardanger og Voss museum lagt ut deler av samlinga si på Digitalt museum. Her kan ein finna bilete og informasjon om kring 8.000 gjenstadar og historiske foto, og meir er på veg. Satsinga vart lansert på Hardangerbokdagen sundag 20. november.

Link til Digitalt museum finn ein i høgremenyen. Les sida om søkjetips og sett i gang!